Ungdata 2019

Ungdata-undersøking i Hordaland  2019

Ungdata er ei lokal ungdomsundersøking som er gratis for alle kommunar og fylkeskommunar i Noreg. Sidan 2010 har 510.000 ungdommar delteke i ungdataundersøkingane. Ungdata gir oss med dette ei unik oversikt over ungdom si trivsel, levekår og helse; korleis det er å vere ung i Noreg i dag.

Med bakgrunn i folkehelselova skal kommunar ha oversikt over innbyggjarane sin helsetilstand og korleis helsa fordeler seg mellom folk. Denne oversikta skal inngå som del av grunnlaget for kommunalt planarbeid. Ungdata, som er eit system for lokale ungdomsundersøkingar, er ein del av dette oversiktsarbeidet. Undersøkinga er for elevar i ungdomskuletrinnet og i vidaregåande skule og vert gjennomført via elektroniske spørjeundersøkingar på skulane.

For kommunar og fylkeskommunar er Ungdata eit kartleggingsverktøy som eignar seg til bruk i det førebyggjande ungdomsarbeidet og for å få oversikt på folkehelseområdet. Resultata frå Ungdata kan nyttast som kunnskapsgrunnlag i planlegging, i det førebyggjande ungdomsarbeidet, politikkutvikling og til forsking og undervisning. Ungdata gir moglegheit til å analysere regionale og lokale variasjonar og trendar over tid, og til å gå djupare inn i problemstillingar innan ulike tema.

Planlegging, gjennomføring og oppfølging av undersøkinga er eit samarbeid mellom KoRus Vest Bergen, og Regionalavdelinga og Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune. For spørsmål, ta gjerne kontakt med KoRus Vest Bergen:

  • Erik Iversen, psykologspesialist, tlf. 916 64 069
  • Kristian Hartveit, spesialkonsulent, tlf. 992 25 888

 

Relaterte Saker

Vestre Torggate 11, 5015 Bergen

Telefon: 55908600 Telefax: 55908610

Epost: post@bergensklinikkene.no

finansierer kompetansesenterets virksomhet